Quantcast
Channel: Boktips
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4759

FEM ÅRSTIDER – premiere på sluttframsyninga

$
0
0

Fem årstider

Kva er ansvar? Kva er vårt personlege ansvar i dag og er vi villige til å ta det? Har vi ansvar for noko utover å gjera det beste ut av våre eigne liv, å ta vare på kroppen vår, pengane, barna og sexlivet? Har vi noko ansvar utover det å ikkje skada andre? Er det mogleg å snakka om eit kollektivt ansvar, utan å bli stempla som utdatert eller politisk korrekt?

I løpet av 2013 har eg prøvd å forhalda meg til og skriva om samtida. Med utgangspunkt  i kva som rører seg i samfunnsdebattar, i mediene og i mi eiga tankeverd, har eg skrive tekstar av ulik sjanger og med ulike motiv. Omlag kvar veke har eg lagt ut ein ny tekst på www.femårstider.no. For kvar årstid, VINTER, VÅR, SOMMAR og HAUST, har regissør Maren E. Bjørseth og skodespelarane sett i scene tekstar frå dei siste månadene. Med kort prøvetid og på kort varsel har fire teaterinstallasjonar dukka opp på Youngtorget og i Botanisk Hage i Oslo, på Sola Flyplass i Stavanger og sist, mellom handlevognene på Nordbysentret på Svinesund. Tekstane har òg blitt publiserte i Klassekampen med illustrasjonar av kunstnaren Knut Løvås.

No er vi komne til siste og avsluttande del i prosjektet, framsyninga på Scene 3, som bygger på tekstane gjennom heile året. Framsyninga rettar seg mot både dei som kjenner til prosjektet frå før og dei som opplever tekstane for første gong.

PREMIERE i kveld på Det Norske Teatret kl 19!

Les meir på www.femårstider.no, hos Det Norske Teatret og i Dagsavisen.

Fem årstider  Fem årstider


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4759