IV
Så talte Herren til formødrene og dei lytta
og dei døsige hjarto opna seg atter ein gong
Han sa De skal halda buet heilagt
ha ingen andre heimar på jord
hald draumane dykkar små
og tankane òg
og ha ingen andre frelsarar
enn denne eine, rette, allmektige Arbeidet og Meg
Hent døtrene dykkar frå marka
og sønene dykkar og buskapen,
alt som har høyrd hendene dykkar til
alt som de har fått til å veksa
For hendene dykkar skal aldri vika
aldri dovna, aldri gje tapt
Om så vaskevatnet ein dag skulle tørka inn i fatet
om så såpa ikkje lenger fjerna jorda, beit på olja
Så Akta vera Arbeidshanda, lat henne aldri kvila
Gå gjerandslause kan andre, men ikkje De
mine Eigne, Vakre, Utvalde Kvinneborn
De, mine Roser på Jord
De, snart avblomstra skattar blant menneska
for meir og betre buskap kan ingen Gud ønskja seg
så sanneleg
Slik lydde Herrens Ord
Fra Eli Fossdal Vaages diktsamling Hekla myter (2014)