Image may be NSFW.
Clik here to view.
Dei gav honom eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,
og han tok det og aat det for augo deira.
LUK 24.42 – 43
Dagane fylte til randa, fløymer over
Alt som har hendt vender attende
Det er her
Det har hendt
og hender
og skal halde fram med å hende
alltid
Eit saltkorn som gjennomtrenger alt
med smaken av salt
Kroppens vesle etui. Hylster
gjennomlyst som vatn
Midt i det verkelege
Tvers gjennom det uverkelege
Han fyller hendene
med det som er
og lufta flyt mellom oss
som mjølk
som honning
Fra Paal-Helge Haugens diktsamling Gs bok /Kvartett (2008)