Også i år har jeg fortapt meg i en av diktsamlingene til vår kanskje minst kjente lyriker, Vrangbord Nilsen (f. 1914).
I fjor falt valget på Kvitsymre i saueskrotten (1987) og diktet Jolekveld. I år er det samlingen Mellom glidelås og skråband (1968) og diktene Småkaker og No er det jol som har fanget min oppmerksomhet. Jeg håper disse to følelsesladde diktene kan bidra til å skape den rette forventning og førjulsstemning hos alle som måtte lese dem.
SMÅKAKER
Nei, sjå du, der ligg dei så fine på brett,
runde og kveike og harde som spett.
Upp i frå boksen eg stablar så flott –
i tuer og haugar – det reinaste slott!Ja, slik er det også med menneska, du.
Som småkaker kan me og byggja bru.
Me vil ikkje vera som tørre koks –
då heller små kaker i livsens boks.NO ER DET JOL
Sjå der kjem han far, du, med sukker og gjær.
Eit syn som er blitt meg så inderleg kjær.
Um kåra var trangje – far sørge for sats.
Kvar einaste jol fekk han drammen på plats.Fyrst blanda han saman og fylde på dunk.
Kunne mest ikkje vente på få seg ein klunk.
Meda vekene gjekk, tok han far seg ein skrå.
Den bivrande skrotten var ilsken og grå.Men brått kom eit skifte – det let som ein song,
då far høyrde surkling frå sats og ballong.
Det ploppa og kviskra, det syda og lo;
eit språk som vel berre han far rett forsto.Snart vatnet det sildra – ja, kjøla og rann,
medan glasklare spriten til flaska fram fann.
Med smil og med lått fekk han far seg ein tår,
den magre, grå nakken fekk krulla hår.Han vokta så kjærleg sitt destilleri,
og dråpane rann, ja, du store mi tid!
Han far sjølv i stua skein blank som ei sol –
då visste eg sikkert at no er det jol!
Vrangbord Nilsen – Wikipedia: Vrangbord Nilsen er ei av våre aller minst kjende lyrikarar. Ho vart fødd mellom 27. og 29. juli 1914, på ei fjellhylle ved Hellesylt inst i Sunnylvsfjorden, som eldst av 13 syskjen. Mora var ukjend. Vrangbord gjekk på umgangsskule og dro tidleg heimanfrå. Vinteren 1928 vart ho råka av musepest medan ho gjekk i skråbandlære på Aukra. Som veverske ved Møre Bendelbandfabrikk på Sykkylven, børja ho publisera eigne dikt i bedriftsavisa Sambandet. Same år som ho debuterte med samlinga Myrull i elveblæst (Eige forlag 1937), starta ho Vrangbord Nilsens Manufaktur og Cortevare på Rånåsfoss. Seinare slo ho seg ned på Losmoen utanfor Hokksund, der ho fortsatt bur.
Vrangbord Nilsen er ein av våre aller minst kjende lyrikarar. Ho har voren refusert eit utall gonger på einskilde forlag, men ga aldreg upp. I 1937 starta ho «Eige forlag» og har sidan gjeve ut heile seks diktsamlingar. Vrangbords mest kjende samling er Kvitsymre i saueskrotten (1987). Hennar store føredømer er Aasmund Olavsson Vinje, Jacob Sande, Kristoffer Uppdal og Vidar Sandbeck.
Bibliografi: Myrull i elveblæst (1937) At mor mi kunne gjera (1947) Då far selde øya (1949) Knappar og glansbilete (1955) Mellom glidelås og skråband (1968) Kvitsymre i saueskrotten (1987)