Me ventar
Me ventar
på det heilage
At det skal slå ned
midt mellom støy og
flaskeskår
Mellom sneipar av ein gammal samtale
i askebegeret
Mellom desse kloke setningar
i foredragssalane
Ventar på eit lyn
frå den låge himmelen
eit lyn som flerrar frakkane av
orda eit glimt
som gjer oss stumme og
syngjande
Ventar og veit
at det alt har hendt
Frå Odveig Klyves diktsamling Ei dobbel rørsle (1994). Diktet kan også finnast i samlinga Kjærleikens geometri – dikt i utval (2014)