
Knut Ødegård. Foto: Ola Nøst.
TRANENE DROG FORBI
(Márjá og Juhánas’ ferd)
Dei kom frå ei klynge blåsande hytter lengst ute
på vidda, der Anárjohka strøymer inn frå småvatn ved grensetraktene
mot Finland og vert til ei sterk elv som renn mot nordaust der Márjá og Juhánas budde
med to kyr, ein kalv og sju sauer attåt ein gul hest i eit fjøs bygt opp av torv og stein
før dei la ut på denne reisa: Det var kome eit brev som venta på Juhánas
på postkontoret då han hadde lagt ljåen frå seg etter engslåtten og rodd
prammen dit så galen sveitt med bar overkropp og så drivkvite musklar over
årene i Anárjohkas silkeblåe straum av vatn, berre å la seg driva nordover no
og så leggja seg på årene mot Káráˇsjohka som buktar seg som ein lyngorm vestover
til samebyen der han var ein framandkar ein reinlaus fattigmann
som stamma der sørfrå far hans hadde kome gåande for førti år sidan og fått seg
eit halvsamisk og halvkvensk kvinnfolk og pløygd med handemakt ein vonlaus åker
i vinden og ole opp han Juhánas på ørsmåe potetar og fisk før dei fekk slått
til seg ei ku som gav dei mjølk. Dei hadde fått kua om bord i prammen
då det var veksande måne og sigld med henne nordover dit det var ein okse
som sette sin digre lem inn i kua som remja og oksen brølte då det gjekk for han.
Slik vart det kalv og nye kyr på deira plass under himmelen som er botnlaus
der lengst ute på viddene. No ligg dei under tuve og kross, foreldra hans.
Han kom roandes heim frå postopnaren i Karasjok då hauststjernene lyste opp
Anárjohka elv, motstraums no Juhánas til Márjá. Ho sat oppe med eit talglys
for å spara bensin i straumaggregatet då han steig inn over steinkloppa til ho
som hadde kome til han over vidda for ein månad sidan, ho kom i nymåneskin
frå der tranene hekkar og slo seg til i Juhánas’ blåsande hytte. Ho sa det var eit liv
på veg i henne, han spurde ikkje meir om korleis det var blitt til.
Dei stava seg fram i dette fine brevet med så rare ord til seint på natt i hytta bygt av
stein og torv, sat i talglyset ved elva Anárjohka og prøvde forstå. Dei vil visst
at eg kjem, seier han
på halvt finsk halvt samisk, dit sørpå Márjá. Dei sløkkjer og han kjenner
på den runde magen hennar i stjernenatta.
*
Dei tok med seg hesten, ei raud ku og eit snart årsgamalt lam
på ferda, la ut frå dei endelause viddene ein grytidleg septembermorgon då månen
var ein ørtynn nyslipen sigd under den lysande Vega på himlens kart.
Resten av krøttera fekk dei sett inn i fjøset til ein annan fattigbonde
ved Niitovuohppi, finskegrensa, minus to sauer som dei selde
til ein same i Karasjok for å få pengar til ferda. Dei gjekk og reid til skiftes
og sov i utløer og stundom i holer og under elvebåtar på strendene, plukka bleikgul
molte i myrane og steinsopp, fløyelsrørsopp i bjørkeskogbotnen og slo til seg eit røykt
og tørka reindyrlår då dei hadde vandra sørover til Skibotn inst i Lyngfjorden
i fylket Troms. Kva er eit fylke? spurde Márjá. Nei dét, sa han er vel noko
Kongen har bestemt. Då sat dei mot ei steinur, han hadde kryssa av på baksida
av brevet som bad dei koma sørover for kvar ein dag
og no var dette i oktober månad, det skein snø på toppane
denne søndagen den 19. oktober og dei heldt varmen under skinnfellane heimanfrå.
Dei hadde vaska dei kvite kroppane sine i det iskalde vatnet der Skibotnelva strøymer
ut i fjorden, ho vassa uti med skjørtet høgt i hendene etter at ho hadde mjølka
kua, han skar det svartkrulla skjegget sitt
i elvebotnen med den kvasslipte samekniven sin. No sat dei der
og heldt helg då ho kjende ein fot sparka
i den veksande magen sin.
Gud er velsignandes god med oss han Gud Herren Sebaot, sa ho Márjá.
Ja, sa han Juhánas.
Dei lyfte pannene sine mot himmelen medan hest og ku og lam
åt gulgrønt gras under det hundreårgamle steinraset og då høyrdest ei veik susing
som voks til ein overjordisk brus over desse menneskepannene i himmelen: Tranene
drog forbi. I hundretal gleid dei som ein myrk plog gjennom den blåkvite lufta
med sine veldige vengjer.
*
Dei miste den raude kua ved Salangselva der dei gjekk mot Gratangen i myrkt
regn, ho vart att bak eit berg ved Brattli då dei høyrde ho rauta
i vilske og hesten la øyro mot hovudet og ville ikkje lyda Márjá
som vart slengd av. Då høgg Juhánas tak i hesten og tvang han ned, lyfte
på føter att Márjá som var tung av barnet no, det var november då jerven
hogg seg inn i halsen på kua deira og Juhánas dreiv samekniven sin beint
i hjarta på dyret. Oppklora av jerveklør skar han det brune skinnet av villdyret
og tok det med etter å ha grave ned både ku og jervens skrott der ved Lapphaugen
i svart oktoberregn.
Så stavra dei seg ned mot Gratangsbotnen på si ferd søretter
slik dei las ut av brevet at det var bestemt.
*
Den 17. november kleiv dei om bord i sjekta til ein sjøsame
frå Foldvik med hest og sau gjennom Astafjorden under Breivoll og Forså
til Harstad mot å la han få det langhåra jerveskinnet som enno lukta stramt
av rotnande villkjøt. Det var så vidt båten ikkje velta då dei drog hesten
om bord, regnet var framleis svart der i Troms fylke.
No må de ta hurtigruta om de har pengar, sa han sjøsamen då hesten flaug
opp på land.
Det byrja snø då dei kleiv om bord landgangen til sørgåande hurtigrute MS Vesterålen,
der på Larsneset på Harstad hamn ringde skipsklokka for tredje gong og ei engelsk
dame med lyseblå paraply mot nordlandsk nedbør svima
då Juhánas blodflekka og oppriven av jerveklør og skjegget i floker
kom leiande på hesten gul og mager med Márjá oppå, ho
med magen svulmande diger no og så lammet
hoppande etter hesterova. Et øyeblikk sa han som passa dei påstigande,
men dei kom seg inn på dekk og fekk vera i buken på dette skipet
som fraktgods så langt pengane rakk, til Rørvik.
Han er overmåde god med oss han Herren Sebaot, sa ho Márjá
då ein ung mann med gull på seg kom med ei pappkasse mat
åt dei, ei bøtte vatn og gamalt brød til hest og lam. Velsigne deg i den Trefoldiges
underbare namn sa ho og slo
ein skoltesamisk kross frå høgre til venstre over han.
Kan herren opplysa meg? spurde Juhánas, om kva
orda arvelaters parentel betyder? Ja vi er ute i eit velsigna stort ærend,
la han til og drog varleg fram brevet.
Nei sa han mot dei stinkande kroppane
i skipets myrke buk og innvolar.
*
Hurtigruta Vesterålen spydde dei ut i Rørvik
etter å ha råka ut for storm i snøbygene der vest for Andøya
og sørover langs Vesterålen, då skipet runda Lofoten ved Værøy rulla det
og Márjá og Juhánas låg i djupet, vasstraumane omgav dei i brenningar
bylgjer og tangklaser, hesten vrinska som om han var søkkt ned
i jordas surklande grunnvollar, og inne i Vestfjorden
hoppa barnet i Márjás mage. Ho smilte blygt
til Juhánas då dei steig på land i Rørvik, Nordland fylke
om kvelden.
Kan eg spørja deg, Márjá, hadde han sagt då dei låg der
i djupet omringa av botnlause svarte havstraumar om natta, eg har grunna på
kven han er sin, ungen?
Eg veit ikkje, svara ho, det kom over meg då tranene kom
i hundrevis gjennom himmelen i vår, dei dansa der i Pasvik eg budde
før eg byrja gå mot deg, og dei hoppa opp i lufta over myrane
der i bjørkeskogen ved elva og det var som om heile jorda
var fylt av song krrí-hå, song dei mot himmelen, og kå-kå-kå-kå som trompetar
i jord og luft og vatn var dei korrr kyrrr kårrr og så grrk grrk
og atter krrí-hå kå-kå-kå-kå krrí-hå kå-kå-kå.
Kan eg få vera faren? spurde han, og ho tok den grove handa hans
og la den innfor skjørtet sitt, mot magen. Då kjende han
barnet lo med sprellande føter mot seg.
*
Indre Vikna er ei øy på jorda der havstraumane dreg sjømenn
ned i djupet og kvinner står ute på berga og speidar etter sjarken medan mennene
søkk sakte ned og ned i det stadig tettare sjømyrkret, men òg
ein stad i Herrens skaparverk der fiskestimane står tett men no
er det ein isvind som slår mot dei i vinteren. Og han som skal bli far
har banka på døra hos ein fiskarbonde der i tettstaden Rørvik og sagt som det er
at ho er fruktsommeleg og dei treng ly for seg og sine dyr
før dei går vidare over brua til fastlandet og sørover.
Folk på Rørvik veit mangt om fødsel og død og fiskarbonden
som er enkemann seier dyra kan stå i fjøset der han har berre
nokre sauer no og eta som dei vil
og sjølv kan ekteparet Juhánas frå det fjerne Finnmarkens vidder
få kvistromet på loftet der det er både seng og dyne brodert
av kona hans som gjekk foran han opp dit i det høge, å ja å ja.
Fiskarbonden Emanuel, som tilhøyrer baptistane på Indre Vikna
har tala i åndens vind på bønemøtet kvelden etter og skaffar slik Juhánas
jobb for ei vekes tid med graving av grøfter
for legging av det underjordiske breidbandnettet for høghastig overføring
tilgang til internett og samstundes overføring av tale, data og video
under styring av ein av eldstebrørne i den kvite baptistkyrkja på staden: Det kom så
sterk ei åndsrøyst i hovudet på den eldstebroren som er bas, at Juhánas kan vera gravar
og no svingar han hakka over det ville håret sitt, høgg spett under steinar og grev
steinjord for den fiberoptiske kabelen medan dei kviler seg før ferda vidare sørover.
Det er berre ei Herrens velgjerning, seier fiskarbonden Emanuel
og han skal ikkje ha noko for kost og losji og for dyrefôr nei
om dei berre ville ta imot Jesus som sin frelsar. Ja Den Trefalds Store Herren Sebaot
er ein diger Gud, svarar Márjá og velsignar fiskarbonden Emanuel
med ein skoltesamisk kross før dei dreg vidare
over brua, det skin sol over Nærøysundbrua der dei kjem sakte
gåande: Han held hesten i taumane, ho sit oppå, attom hesten
diltar årslammet medan bilane susar forbi og ferja glid under brua
djupt under dei.
*
Det er den 12. desember no og snøen ligg tung og blaut over Namdalen
der dei vandrar aust for Skarsnøheia på veg mot Beitstadfjorden, ho
må kvila oftare ho Márjá for barnet er tungt og dei finn seg
enkle pensjonat og hus der det står skilt med rom til leige. Slik
er desse desembers dagar der dei er ei langsam rørsle av myrke musklar
og sener i skyminga over det kvite snølandet.
Tranene er forlengst nådd fram til Italia ja fram til Tunis medan dei bankar på
eit pensjonat i utkanten av Steinkjer. 600 kroner ja og plass åt
hest og lam i uthuset, ja det blir 800 då. Der i Steinkjer
ryk dei siste kronene for kabelgrøfta åt breidbandet i Rørvik, Indre Vikna.
Han lagar seg ei ekstra nistepakke med brød og ost og skinke
og så er dei ute på vegane att. Mot kvelden er det stjerneklårt og iskaldt
der dei går. Han har laga ein kvinnesal åt henne av vinjer
og røter som ho sit i oppe på den magre hesten no.
Hesten klarar seg på grastuster han finn ved å sparka opp snøen, han
gneg bork attåt under denne natthimmelen der Juhánas ravar
utsvolten med hesteselane i blåfrosne hender i ørske tre dagar etter frukosten
i Steinkjer. Márjá er i ferd med å detta ned av salen då ho brått
får auga på ei veldig stjerne som skin i dei uklåre augo hennar.
Juhánas ropar ho, sjå! Og han rettar seg opp, ser denne kometen eller
stjerna som skrid over den svarte himmelbotnen framfor dei
på veg mot sør. Dei stavrar seg vidare med lammet
haltande etter.
*
Den 18. desember har dei lagt bak seg Mære og Røra, dei er komne
til Stamphusmyra då Márjá sig ned av hesteryggen. Men Juhánas
tek imot dette vesle kvinnemennesket med den utsprengde magen.
Eg trur barnet vil ut no snart, seier ho når ho kjem til seg sjølv att
i fonna.
Då breider han kring henne teppa og legg si eiga jakke
rundt ho der i snøen, går ut i skogkanten og finn tørrkvist som han stablar opp til eit
bål og slår eld med stein slik ein mann frå vidda kan og der
under denne himmelen over Nord-Trøndelag finn Juhánas kniven fram,
han held lammet tett inntil seg medan han stikk samekniven beint inn
i hjarta på dette dyret og ser opp mot den store stjerna
som kanskje er Vega kanskje ein komet kanskje ein nova medan blodet veller ut
av lammet.
Dei drikk av blodet begge.
Han parterar det framleis varme slaktet og legg små kjøtremser på bålet.
Det var eit velsigna vesen, seier ho, i Gud Herren Sebaots Veldige Namn
kjem det ut av denne munnen så raud no av blodet frå lammehjarta. Og barnet
slit for å koma seg laus der inne medan prøveoverføringane med ADSL
går gjennom kablane i grøftene nord i Rørvik med ei umåteleg kraft.
*
Dei lever av lammets kjøt og opptina snø og graset som hesten
sparkar fram er gulna no og hesten endå magrare, men dei sig
fram over Hommelvik og Malvik sør for Strindfjorden, alt
så pinleg sakte som frå ein feilinnstilt filmframvisar no, og det er vanskeleg å finna
utløer der og dei vert jaga som taterar frå storgardane i Sør-Trøndelag.
Den 22. desember får dei leggja seg inn i fjøset hos ein bonde på Ranheim. Det er
eit under å sjå, seier Juhánas der han stirer ut gjennom fjøsvindauga
mot den store stjerna som har stoppa opp der høgt over dei, men Márjá
har somna i høyet og hesten står urørleg og ser på henne.
Han hadde vist bonden brevet, som sa at dette var noko om at han skulle melda seg
om det var slik at han var av folk frå Lade, ikkje langt
frå Ranheim nei det, ja namnet er kjend han døydde han
ungkaren der ja.
Ho søv neste dag, vaknar innimellom og ynkar seg. Han når i vatn
og tørkar den sveitte panna hennar, torer ikkje
gå frå henne der, stappar i henne kjøt frå lammet. Bonden kjem
og seier at ettersom det er jul snart kan dei få bli, ja fjøset er vel
varmt? Og han kjem med brød og mjølk medan gardsfolket stirer
på dei gjennom vindauga.
Slik dreier jorda seg kring seg sjølv medan muskulaturen
i Márjás livmor dreg seg oftare saman, det er eit døgn og ho seier at det er bra
no, eg ligg her om du vil gå til han som sende brevet nordover til vidda.
Han går på veslejulaften utover mot byen Trondheim, skvett
til sides av bilane som trengjer seg fram i slapset, han gapar av alle dei
himmelhøge husa og utstillingsvindaugo og alt folket, spør ein mann i uniform
som sel Krigsropet om kvar Erling Skakkes gate ligg og om han veit kvar advokat
ved Høgsterett hr. Bruun-Wold held til der i den Erling Skakkes gate
som det står på brevet her. Mannen seier at arméen har varmestove
om han treng, med suppe, men ta sikte på Olav Tryggvason så finn du
Erling Skakkes gate lenger fram og til venstre og då ser Juhánas statuen med
vikingkongen høgt til hest og brått minnest han eventyra faren fortalde
frå ein barndom sørpå. Han stirer og går og han reknar nummera i Erling
Skakkes gate til han ser eit messingskilt på eit gult trehus med namnet advokat
ved Høiesterett Bruun-Wold på. Men der heng eit skilt om at det er stengd
fram til 3. dag jul. Han bankar likevel, men det hjelper ikkje, døra stengd.
Han går den lange vegen tilbake i det grå slapset medan lydane
frå trikkar og bilar borar seg inn i desse øyro som er finstilte på vêr og dyr
på dei forblåste viddene i nord, medan fosterhovudet er i ferd med trengja seg
ned i bekkenet der inne i livmora til Márjá. Ho ynkar seg
då han kjem inn, ser kor sveitt ho er der i skinet frå den store stjerna
gjennom fjøsglaset.
*
Ho seier det er betre å stå og dei søv ikkje denne natta, sit og ligg
og står, og om morgonen spør han om det er råd å få låna ein kjelke
for det snør tett no seier han til bonden som snur seg vekk
frå munnen hans som stinkar.
Han fester kjelken til hesten og slik kjem dei innover
mot Trondheim og hesten må haldast stramt for ikkje å springa ut i gata
då Ila-trikken kjem og då dei nærmar seg Olav Tryggvason byrjar alle kyrkjeklokkene
å fossringja. Mannen i uniform er i ferd
med å pakka saman stablane med Krigsropet då fosteret glid lenger ned
i bekkenet som utvidar seg for dette vesle menneskehovudet og han ser
på henne i kjelken attom den gule hesten og bed dei koma med seg
til arméen i Prinsens gate det er ikkje langt. Dei tek seg fram i snødrevet
men hesten kan ikkje vera med inn, han må stå der og mannen hentar fleire lag
teppe som hesten får over seg der han står utanfor Prinsens gate i Tr.heim
denne julekvelden då Juhánas ber Márjá med barnet snart fødd inn i arméens lokale
der ho får leggja seg på golvteppet og så tek ei dame i uniform med seg Márjá inn
på eit bad og ho kjem ut att i framande klede medan Juhánas et
suppe og brød.
Ho klarar sitja der ved bordet, og så seier han Juhánas at faren hadde sagt
at det største under der sørpå hadde vore Nidarosdomen om jula, ja ho vil
koma med ho Márjá endå mannen og kvinna i uniform set seg imot det,
Føden seier dei, St. Olavs Hospital, ambulanse helst.
Nei, Herren Sebaots Mangfaldige Velsigningar til dykk for alt
seier ho Márjá endå ho kjenner ilingar av smerte no, og Juhánas ber henne ut
til hesten og det er opphaldsvêr no, stjerna er komen fram att
der oppe nei det er ikkje Boahjenávli sa ho som skin der nei
i Mjølkevegen, Sarvva seier ho for ho tenkjer dårleg norsk
no når veva brest i bekkenet og det er midnatt snart på jorda.
*
Fostervatnet går der ho ligg innpakka og ho sparkar i teppa på kjelken,
det byrjar snø att då hesten dreg henne oppetter Munkegata og dei ser tårnet
i domen reisa seg svartgrønt opp mot endeløysa himmelbuken
og der kjem dei inn mot Vestfronten med alle dei heilage og mormunnen
er open no, veggene i livmorhola, livmorhalsen og skjeden går i eitt og organisten
legg seg med kroppstyngda over tangentane i Ludvig Nielsens jublande postludium
og bukpressen tek tak og stør utdrivingskrafta i livmora. Fosteret røyver seg
gjennom fødingskanalen og no byrjar krossberaren i kvit kappe å gå
etter musikken frå altaret i aust tvers gjennom den lange katedralen og biskopen
fylgjer og Márjá skrik medan fosteret trengjer seg fram med hovudet mot opninga
og etter biskopen fylgjer prestane og kyrkjetenarane og koret i sine kapper
gjennom det endelaust lange kyrkjeskipet medan blautdelane
i fødingskanalen vert strekt ut til brestepunktet og barnets hovud
vert fødd medan organisten held fram med å spela, han sit med ryggen
vend mot denne prosesjonen og ser det heile i ein spegel: Prosesjonen og så
kyrkjegjestene festkledde og så kjem nye rier, han lyfter hovudet mot kvelvingen
og legg seg så atter over tangentane medan fotpedalane kontrapunktisk slår
ein djupare song inn i katedralen der dei strøymer ut no og i desse riene
vert det nye mennesket skyve fram, så fylgjer fostervatnet blanda
med blod, dryp frå kjelken ned mot den hardtrampa snøen.
Den gule hesten lyfter framføtene mot lyset som strøymer ut
frå kyrkjedørene som opnar seg vidt opp og han syng med orgelet yhihihihi-uhåhåhååhååå-
ha-a-le-luuu og livmora dreg seg saman og losnar morkaka
og hinnene frå veggene, etterbyrden vert pressa fram i dette postludiet
av Ludvig Nielsen og Juhánas står der med son sin i desse herja nevane
frå dei endelause viddene der nord medan nokon slår eit nummer på ein mobiltelefon
og hesten vrinskar pruuhh-hiiii-yhihi-luul-leee-lu-jaaa mot advokat Bruun-Wold
og dei andre kyrkjegjestene som seier at det er ei skam at slik ramp
får øydeleggja ei heilag julenatt og snart høyrest sirenene
blålyset blinkar i ambulansen opp Munkegata mot domen
medan han legg barnet så varleg inn mot morsbrystet der under teppa
på kjelken og ho blør og blør
svart.
*
Juhánas kjem stegande frå arméens hospits Prinsens gt. i høg snø, ingen
som brøyter denne julemorgonen, himmelen rivna over dei
og snøen lava ned denne natta som Márjá hadde fødd ein son
til viddene.
Dei gav han ei sprøyte der inne i ambulansen, han visste ikkje
av seg før han vakna på hospitset saman med fyllikar og forpjuska
damer med blodraude munnar og mascaraen utklint over andleta. Kan De
seia meg vegen til Fødens avdeling? hadde han spurd ei av desse fargelagde damene,
og ho forklara greitt. Her er ein hundrings, sa ho jenta som vart seld
for 500 i bakgardane, eg ser du
er blakk, ja for barnet hundringsen la ho til.
Ja guten, sa han og Den Trefalds Store Meister Herren Sebaots velsigning
over deg og de alle her. Men kan De seia meg kvar hesten er?
Skal eg ordna deg litt? spør ho med munnen, og han nikkar til saksa
ho held fram og han let ho klippa skjegget og håret så han er som ein søring
å sjå når han har forvissa seg om at hesten er komen på stall hos politiet
og arméen har garantert for dét, og no stegar han
mot Føden og han spring spring i dei nye snøstøvlane som er arméens julegåve
mot Prinsens gate spring han der i den heilage kongens by. Det er Juhánas
som spring mot Føden og Márjá som ligg der
med barnet inn mot brystet og det er eit vidunder å sjå, ja ein stor
herlegdom er dette, seier Juhánas då han vert beden om å forklara seg
for oversjukepleiaren på Føden. Kven dei er og kvar dei kjem ifrå og kvifor
her og graviditetskontroll og helsevesenet på dei ytste viddene
i grensetraktene dei kjem ifrå.
Ja og det var ingen kontroll der då? Nei kontroll, ho Márjá kom
frå der tranene hekkar ved Pasvikelva og vi stelte fjøs og dyr og åkeren
og fiska attåt, seier han åja, men så kom det brevet, ja sjå her er det, nei vi er friske
vi og barnet seier han.
Ho har eit namneskilt med Hildegunn på sjukepleiardrakta, no ser ho Hildegunn ned
og det er ein fjernsynsskjerm bak henne der ei dame som liknar ho som gav han
hundringsen, berre mindre fargelagd som seier nyhende om at folk
i Rørvik, Indre Vikna er dei fyrste der i Nord-Trøndelag som vert kopla til
det nye breidbandet. Ei julegåve til folket.
Ja det er no berre det at om de hadde vore på kontrollen i Karasjok så hadde de visst
at fosteret hadde Downs syndrom, seier ho Hildegunn så tungt til han.
Ja takk og pris i æva då, seier han med sitt nyklipte skjegg
og hår, så går han inn og lyfter dette barnet opp. Son min,
seier han, du son min. Du son min velkomen.
*
Márjá kan sitja og snart kan ho gå omkring, og han får vera
frå morgon til kvelds hos Márjá og sonen, han er innom og pratar med hesten
hos politiet og han velsignar Trondheim politikammer
med himmelens mest lysande ord, og han arbeider for seg på arméen
med å måka snø og selja Krigsropet
saman med han i uniform som er kapteinen. Syngja med gjer han òg
når frelsesmusikken kjem med gitarar. Dei har skjegg
begge to, no har Juhánas arbeidd seg til ein frakk òg. Men tredjedags morgon står han
kl 0900 i frakken utanfor hos advokat ved Høgsterett Bruun-Wold
i Erling Skakkes gate og kjenner att mannen frå då fostervatnet gjekk
i Márjá ved vestfronten av domen då han kjem og låser opp.
Og kven er De? spør han.
Ja, det var no dette brevet, svarar Juhánas. Eg er komen.
Komen?
Ja De innkalla meg jo hit, seier Juhánas og syner han brevet.
Å dét? Nei det brevet er send alle
som kan ha krav i boet det, seier advokaten ved Høgsterett, De kunne
ha send ein fax, ja e-mail er nok i våre dagar, e-mail er dokument
dét no. Men det er noko kjend med Dykk, har eg sett Dykk før?
Ja, og det lyser opp i Juhánas, det er eg som er faren. De var jo der De
då barnet vart fødd!
*
Nei, det var ingen ting anna, dei vart skrivne inn
hos advokaten.
No er dei på veg nordover att, det er framleis i januar, det er frost og ho sit
med barnet mot brystet som er mjølketungt der på flybussen inn mot Værnes
då ho spør han: Kva du trur, kvar held dei til
om vinteren, tranene?
Nei dét, seier han, dei berre flyg og så kjem dei att dei.
Arméen ordna opp med hestetransport, ein i korpset
driv med slikt, kapteinen fekk ut pengar som eit forskot
frå advokaten der i Erling Skakkes gate, no er den gule hesten òg
på veg heim til dei kvite, blåsande viddene.
Dei skal snart fly no, Márjá og Juhánas, dei
som aldri har vore så høgt oppe som eit fugletrekk.
Kva du trur? seier ho på flyplassen, om han her:
Skal vi kalla han for Jovssut? Eg tenkte på han Josef
dei talar om, han var vel ein slik ein, han òg?
*
I april, barnet voggar i ei gynge mellom himmel og jord:
Ein morgon vert himmelen fylt av vengjer, tranene
kjem! Det er Jovssut som ser, han
som skal arva jorda der lengst ute på viddene, det er hans
klåre mongoloide augo som ser tranene sigla fram
gjennom himmelromet
som ein lysande vind
over desse ytste flak av mold og skrale menneskehus før det endelause
tek over.
Fra Knut Ødegårds diktsamling Det blomstra så sinnsjukt (2009)