Så sa ho ein vårdag endeleg sitt Ja
reiste seg, la ned handarbeidet ho sat med, gjekk mot han
som bad henne koma
Frå diktsamlinga Hekla myter.
Eli Fossdal Vaage (f. 1984) er fødd i Leirvik på Stord, men oppvaksen i Bjørsvik ved Osterfjorden nord for Bergen. Ho har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og hadde fleire dikt med i Cappelen Damms debutantantologi Signaler i 2010. I disse dagar debuterar ho med diktsamlinga Hekla myter. Her skriv ho på unikt vis fram formødrenes historie og ein felles kvinneleg arv. Ho skildrar søsterskap på tvers av generasjonar, der ei ung kvinne formidlar både historisk kvinneliv, ei eldre kvinnes røyst og sitt eige tilvære i et språk som både er likefram og høystemt på same tid.
Eg har hatt ei samtale med Eli om vegen fram til denne samlinga.
- Du har tidlegare hatt bidrag i forlagets debutantantologi Signaler. Korleis opplevde du å sende inn dikt til Signalredaksjonen og å få disse antatt? Kjentes terskelen høg?
- Vanskeleg å svare på. Då eg sendte inn tekstane min den gongen, var det i grunnen mest for å utfordra meg sjølv til å bli litt mindre.. tja, kva skal eg seia, lukka omkring det at eg skreiv. Bortsett frå klassen på Skrivekunstakademiet, der eg var elev på tidspunktet, hadde eg knapt vist noko av det eg skreiv fram for nokon. Så då eg sendte inn, var det litt for å seia ”hei, eg skriv dikt, og eg vil gjerne at nokon skal lesa dei”. Då dikta mine blei plukka ut til å bli med i antologien, kjentes det som ei stor utmerking. Det gjorde godt, eg fekk bekrefta at det eg dreiv med, kanskje kunne bli til noko.
- Du har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og sikkert skrive både poesi og prosatekster der. Var det opplagt at du skulle debutere med ei diktsamling?
- Det er derimot eit lett spørsmål å svara på! Ja, det var nok heilt opplagt at det skulle bli ei diktsamling. Då eg begynte på Skrivekunstakademiet kom eg inn med berre dikt, faktisk er ein av søknadstekstane mine med i boka mi Hekla Myter, om enn i ei omarbeidd form. Så eksperimenterte eg sjølvsagt mykje med sjangrar og stil i løpet av skuleåret der, men då tida i klasserommet var over, spratt eg rett tilbake til å skriva dikt igjen.
- Kunne du blitt forfattar utan bakgrunn og backing frå Skrivekunstakademiet?
- Ja, det trur eg. Men eg trur nok òg det ville tatt lenger tid, og at eg ville kjent meg langt meir åleine i prosessen. Kanskje ville det gått årevis før eg hadde våga meg ut i verda med manuset mitt. Behovet for å skriva er der jo, og har vore der nesten alltid, men det er langt frå å ha ein slik nesten hemmeleg trong til å skriva og det å ta si eiga skriving på alvor. For min del var Skrivekunstakademiet først og fremst viktig for å læra å lesa, både seg sjølv og andre, og for å få eit meir avklart forhold til skrivinga. Det var fint å sleppa å vera så nevrotisk og utilpass omkring det å skriva, det å gå i ein klasse der alle forstod korleis vi hadde det, hjelpte iallfall meg til å senka skuldrene nok til at eg våga å skriva dårlege ting òg. Det er nok viktig å skriva dårleg for å finne ut kva som kan bli bra, for å bruka ein klisjé.
- Dikta dine omhandlar kvinner, kvinneliv og formødrer. Kan du seia litt om kvifor?
- Strengt tatt veit eg ikkje. Det har forbausa meg òg. Av og til kjenner eg meg fryktelig tungrodd og gamaldags, som kjem trekkjande med eit slikt gamalmodig ”gravalvor”. Samstundes er eg jo kvinne sjølv, og har mange ”formødrer” som eg beundrar sterkt. Det er viktig for meg. Det fascinerer meg òg kor lett alt er i vår tid, sånn reint praktisk, samanlikna med kvardagstilstanden for få generasjonar sidan. Likevel syns folk, sikkert inkludert meg sjølv, at alt mogleg er så frykteleg vanskeleg: Vi lurer på korleis vi skal oppdra ungane våre, kva slags mat vi skal eta, om vi et for mykje, om vi trener nok. Mormora mi rodde over fjorden til skulen saman med systrene sine som sjuåring. Kanskje er det bra å oppleva litt risiko for å oppleva kva krefter ein eigentleg har?
- Tittelen Hekla myter gir mange assosiasjonar. Det er sikkert også meninga. Var tittelen opplagt eller måtte du lokke og leite han fram?
- Begge deler. Undervegs refererte eg alltid til samlinga som Hekla myter, men då det nærma seg bok, blei eg usikker og prøvde veldig å komma på noko anna. Så forstod eg at det berre var tull, at tittelen i grunnen hadde lege der heile tida.
- Du er fødd på Stord og oppvaksen i Nordhordland og er såleis nynorskbrukar, ei målform du naturleg nok nyttar i dikta dine. Mange meiner at nynorsk er eit meir poetisk skriftspråk enn bokmål. Er du samd i dette?
- Eg har alltid vore nynorskbrukar, og kjem frå ein stad der det var norma og bokmål var sidemål. Derfor stussar eg alltid når visse hevdar at nynorsk er eit meir poetisk skriftspråk, det kan bli litt ”eksotiserande”. For meg er det jo det språket eg har til rådigheit, til både kvardag og fest! Men eg kjenner meg heldig som har ei dialekt som ligg så nært opptil eit av våre to målføre. At ho er så «skriftnær», så og seia. Det har nok bidrege til at det for meg alltid har vore lett å uttrykkja seg på nynorsk. Men når ein høyrer folk seia at nynorsk er så vakkert, og gjer seg så godt i dikt, opplever eg det til tider som om ein slik reduserer språket mitt til noko pent som ikkje bør skitnast for mykje til. På den andre sida syns eg jo at nynorsk er eit vakkert språk, og er glad for at det er ”mitt” språk. Dessutan: Alle skriftspråk har vel ulike særeigenskapar som gir dei ulike styrkar. For nynorsken sin del kan det vel henda at den har eit fortrinn ved at det er vanskelegare å ha for mange passive verbformer av typen ”det anses som” og så vidare.
Kort fortald syns eg bokmål og nynorsk er like fine, for å sei det heilt banalt. Og det finst utruleg mykje vakker poesi på begge målformene våre. Dessutan kan det vel tenkjast at det er ein styrke for skjønnlitteraturen i eit land å ha to distinkte former av same språk – det kan vel verka som om det hjelper oss å sikra eit visst mangfald?
- Har du nokon litterære førebilete?
- Ja, mange! Derfor er det vanskeleg å lista dei opp, for å seia det slik. Men skal eg nemna berre ein av dei norske i samtida, må det bli Mona Høvring. Første gongen eg las ho, tenkte eg berre oi, tenk at det går an å skriva på den måten! Det blei viktig.
- Kva slag forventningar har du til mottakinga av boka di? Frå mediene, kritikarar og frå publikum?
- Eg prøver å ikkje ha forventingar, men håpar at mange vil lesa boka mi og få ei god leseoppleving. Sjølv er eg fornøgd, men no er det boka mi sin tur å stå på eigne bein, noko eg lyt satsa på at den greier.
- Takk for praten, Eli, og lykke til med lanseringa!
Visse triks lærte ho tidleg
Kaldt vatn fjernar eggeprotein, mjølk, fastsvidd saus
Feitt kan smeltast for så å skyljast ned i vasken
Grønsåpe, klor, tårer tar flekkene
Frå samlinga Hekla myter.